Fekk havfiskeutstyr frå tidlegare EM-medaljør.

Mange hugsar nok historia om fiskeinteresserte Ola Hermann-Fossli som hadde panteinnsamling til kjøp av havfiskestong under Festidalen. Responsen på saka var i alle fall svært god, og mange positive kommentarar blei knytt til den. Ein av dei som responderte momentant var den utflytte uskedelingen og havfiskeentusiasten Frode Sunde i Stavanger. Han melde straks tilbake at Ola skulle få overta ei av hans stenger.

Frode Sunde, aktiv i Stavanger Deap Sea Fishing Club, med ein rugg av ein torsk som vog 25,5 kg, og det var til og med like etter at den hadde gytt fleire kilo med rogn.

Frode Sunde fortel til uskedalen.no at han blei så fasinert av denne guten som viste slik interesse, og verkeleg ville gjera ein innsats for å få utstyret. I dag er det blitt altfor vanleg at “ein får alt opp i hendene.” Sunde bestemte seg med ein gong for at Ola skulle få overta ei av hans stenger. Han tok kontakt med uskedalen.no.
– Eg har så mange, og det kan jo ikkje brukast betre enn at denne interesserte 11-åringen får ei til å dyrka denne gode interessa og hobbyen sin, fortel den drivne havfiskaren som har delteke i 6-7 EM i havfiske rundt i Europa der han også har tatt heim ein del EM-medaljar.

Etter ein tur i garasjen hadde han ikkje berre funne fram ei havfiskestong, men to stenger og ei snelle av topp kvalitet til Ola. Dette fekk han sendt til Uskedalen helga etter Festidalen, og det blei overlevert til Ola då han kom tilbake til bygda etter å ha vore på ferie.

Det var ein jublande glad gut som mottok den rause gåva. Den kjem nok til å bli flittig brukt! Då stengene blei overlevert var han nett kommen heim frå ferietur til Austlandet, og då var han veldig klar for ein fisketur I Uskedalselva. Han fortel at største laksen han har fått var 4 kg, men i sjøfiske har han fått større fiskar. På stong har han fått både brosme på 8 kg, og ei lange på 5,5 kg som han fekk like før han reiste på ferieturen. Men den aller største fisken som den ivrige fiskaren har fått, var heile 15 kg. Det var ei lange som han fekk på snik eller stolpeline.
No var han svært takksam for den flotte gåva frå Frode Sunde, ein annan storfiskar som han ikkje har helst på, der han trippande venta på faren for å komma seg fort nok til elva.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat og Thor Inge Døssland