Ola Hermann-Fossli er godt over snittet interessert i fisking. No ønskjer 11-åringen å kjøpa seg ei skikkeleg havfiskestong, og han har mulighet til få kjøpt ei skikkeleg god brukt stong. Derfor sparar han alt han kan til den. I samband med Festidalen ser han muligheter til å auka kassabehaldninga med flaskeinnsamling.
Ved nedkjørsla til heimen til familien på Lislerud har han sett opp ein bosdunk med ein papp-plakat over med følgjande tekst: ” PANT. Til inntekt for havfiskestong. Helsing Ola.”
Litt lenger framme der vegen tar av til Dønhaug har han hengt opp to sekker med følgjande plakat: “Eg har fortsatt ikkje nok til havfiskestang. Helsing Ola”. Panteaksjonen har blitt lagt merke til, og plakatane har skapt humør blant festivalgjester på veg til Festidalen-jordet. Gode kommentarar har det også vanka. “Den guten der kjem til å bli rik!” blei det høyrt kommentert.
Då eg snakka med Ola laurdag føremiddag, var han nett ferdig med å sortera flaskene frå fredag og vaska bosdunken. Han hadde ikkje klar oversikten over kor mykje det hadde gitt i sparekassen, men han var svært optimistisk med tanke på at det skulle bli etterlengta havfiskestang på han. Han var svært takknemleg for at så mange ville hjelpa han! Viss det blei noko til overs, skulle det brukast til store slukar.
Lørdag er det nye muligheter for å hjelpa den kreative st-på-guten til å få kjøpt fiskestonga.

Mange Festidalen-gjester støtta den ivrige fiskaren.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland