Frammøte var som vanleg godt då Rustne Menn og Uskedal helselag gjesta Rosendalstunet i går med song, musikk og servering. Syng med oss 2. kvar tysdag er eit populært tiltak. Helselaget frå Uskedalen møter med mat og servering heile tre gonger i året. Rustne Menn er med to gonger i året. Eit hundretals personar møter fram, ei blanding av faste brukarar, pårørande, frivillge og andre interesserte. Bilete på topp syner f.v: Selma Eik, Eva Reime Ljosnes, Aud Isaksen Haugland, Astrid Haugse og Eli Roseth Eik.

Ikkje på det meste, men likevel godt frammøte på Syng med oss på Rosendalstunet i går, tysdag 9. april.

Syng med oss på Rosendalstunet er ope for alle. Inntekta er åresal. Selma Eik er den frå Uskedal helselag som har vore med lengst. Ho kan ikkje på ståande foten hugsa kor mange år ho har steikt mjølkekaker og hatt med på Rosendalstunet. Vafler er også på menyen. Det starta med at vaflene skulle steikast på institusjonen,. Det fungerte dårleg. Etter det har dei laga all maten klar heime.

Rustne Menn er ein fast gjst på Rosendalstunet.

Med auke i talet gjester på Syng med oss har Uskedal helselag fem medlemer i arbeid med mat og servering. I tillegg er dei med på tillaging og rydding.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Evy Grete Hauge