Det frys på og det er glatte vegar og fortau. Dette gjeld særleg gang- og sykkelvegar og sidevegar. Uskedalen.no har snakka med Sau & Sånt, entreprenøren som har brøyting og strøing på fylkeskommunale fortau på strekninga Herøysundet til Årsnes. Fylkesvegen på Døsslandssido og vidare til Musland er ein del av same kontrakten. I kveld pågår det brøyting og strøing på parti med gang- og sykkeleveg frå Årsnes til Herøysundet. Sau & Sånt har også brøytinga på vegen over til Matre og vidare til Åkra.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal