Gladmelding til Uskedal Friluftslag - løyving frå SIM sitt miljøfond.
Etter søknad er Uskedal Friluftslag løyvd kr. 63.235,- frå SIM sitt miljøfond til sikring av veg fram til møterommet og scenen på Stemneplassen. Total kostnad er rekna til kr. 126.470,-. Vegen må forsterkast og det må koma rekkverk. Dette vert gjort for å gjera vegen trygg for framkomst til Friluftsplassen. Uskedal Friluftslag fekk i denne omgang avslag på søknad til SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad om eit samla prosjekt med tilkomst, parkering og asfaltering. Det vert søkt på nytt til hausten. Med løyvinga frå SIM kan Friluftslaget gå vidare i planlegging og førebuing til utbetring av vegen. Som bilete syner, er vegen mellombels sikra og kan brukast fram til det kjem rekkverk og forsterking.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal