
Glade swingdansarar samla til kurs i Uskedalen i helga - nytt kurs til hausten.
Swingkurset i regi av dansegruppa på Husnes samla nær på 40 deltakarar i Helgheim i går og i dag. Instruktørane var Britt Jorunn Stranden og Arne Jostein Jensen frå Norheimsund. Det var frammøte frå heile Kvinnherad og dansegleda var stor og synleg. Då uskedalen.no var innom Helgheim i dag, var kurset i innspurten med oppsummering og repetisjon av dei viktigaste teknikkane og turane. Britt Jorunn og Arne Jostein legg vekt at kurset er for alle. Ein lærer det grunnleggjande med å dansa swing og turane er enkle. Framom alt anna er det å syna danseglede, smila, le og ha det fint saman på dansegolvet. Dersom det er interesse, vert det skipa til nytt kurs til hausten.


Tekst/foto/nett: Kristin Bringedal