Tre ungdomsskuleelevar med imponerande bistandsprosjekt.

I dag ligg alt til rette for at folk kan gjera ein særs meiningsfull bytehandel. Det er eit resultat av dei kreative idèane til dei tre ungdomsskulejentene Sarune Lebednykaite (f.v. på bildet), Jeanette Steinsletten og Maren Haugland Gundersen i valfaget “Innsats for andre”.
Idèen går ut på at folk kan koma med saker og ting som kan sendast ned til Ukraina. Dei kan leverast i Helgheim i dag. Til gjengjeld får dei gratis middag, kaffi og kaker av jentene. Då uskedalen.no var innom kjøkkenet søndag føremiddag var jentene i full sving med å skjera opp knokakjøt til betasuppe. Jentene var både positive og optimistiske, og gav uttrykk for at dei trivdest godt med arbeidet i det viktige faget “Innsats for andre”.
Klokka halv tre opnar dei innsamlinga, og då håpar dei på godt frammøte. Det fortener verkelege! Det er nemleg eit veldig, veldig godt tiltak dei tre jentene har. Så møt opp i Helgheim frå kl.14.30 og utover.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland