Bjarte Erstad ( 52 år ) er vald til ny styreleiar i Kvinnherad Vekstbedrift. Det vart gjort på generalforsamlinga fredag i førre veke. Med seg i styret får han: Erling Boland, Hilde Enstad, Kenneth Hamre, Karoline Eide Holmedal og Kristine Sørensen Såtendal. Bjarte Erstad kjem frå Tysens og er fortida salssjef i Azets Innsights. Bilete syner Kvinnherad Vekstbedrift, avdeling trelast i Beinavikjo her produksjon innan trevare, betong, gjerde og paller er plassert.

I ei pressemelding frå ordføraren kjem det fram at Kvinnherad Vekstbedrift har 30 godkjende VTA stillingar ( Varig tilrettelagt arbeid ) og 13 arbeidspraksisplassar. Det er 13 tilsette i arbeidsleiinga, noko som utgjer 12,8 årsverk. Med dette har heile 56 personar arbeidet sitt i og rundt Kvinnherad Vekstbedrift AS.

Kvinnherad Vekstbedrift kjøpte Uskedal Trelastlager i 2019. I tida fram til no er nokre av avdelingane flytta til næringsbygget i Beinavikjo. Det gjeld produksjon innan trevarer, jern, betong, vedlikehald og montering, palleproduksjon.

Retro brukthandel og kafe og Den Grøne Frisør er plasserte i næringsbygget ved Hellandsbrua. Frisørsalongen er godkjend som lærlingbedrift.

Rekneskapet for 2020 syner eit overskot på kr. 431.630,-. Selskapet har god soliditet og kan syna til samla eigenkapital på om lag 10,5 millionar kroner.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal