Dag Helland likar å kalla seg gen- og virusforskar, ikkje professor slik han ofte vert titulært i kvardagen. No er han for de meste pensjonist og brukar fritida si på fiske, vedlikehald og restaurering av færingar og grindbygd naust i Fjæro i Uskedalen. Det siste er ny ( gamal ) keip, esing og fenderlist på ein oselvar, truleg frå 1950 talet.

Keipen er avgjerande for framdrifta ved roing. Den er til vanleg laga av eik. På oselvaren vert det brukt hamleband, frå gamalt laga av vidje. Den viktigaste og mest belasta delen på ein keip har namnet keipsneve som er det fremste nasen på ein keip. I dette høve vart keipsneven rodd av og måtte erstattast med ny ( gamal ) keip. Ved skifte fann ein at deler av esinga og ripa var roten. Då var det å fella inn nytt der det var rote og gamalt.

Keipen med keipsneve og hamleband er avgjerande for å få framdrift når du ror og når du skutar.

Dag Helland har store kunnskapar om handverket knytta til færingar, anten det er typen Strandebarmar eller Oslevar. Han ror sjølv ein større Oselvar, men han har fleire prosjekt på gang når det gjeld restaurering av færingar. Ein Åfjordsfæring, som er lagra i Bøkkerverkstaden på Rød, var i si tid eit gåve frå Henny og Dag Helland.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal