GÅVER FOR Å STYRKA ØKØNOMIEN I LAG OG ORGANISASJONAR
Styret i SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad har i styremøte 13 april tildelt Kr. 0,8 mill til lag og organisasjonar for å kompensera for bortfall av inntekter som følgje av Covid 19 restriksjonar i lokalsamfunnet vårt. Som ein følgje av nedstengingar og redusert tilbod til born og unge, er det viktig at ulike lag og organisasjonar kjem seg gjennom Covid 19 krisa med tanke på økonomien i laget, og at dei kan gjenoppta aktivitetstilboda så snart denne pandemien er over.
Styret i SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad ser på gåvene som ein del av det
samfunnsansvaret stiftinga har, og ein nyttar deler av aksjeutbytte frå SpareBank
1 SR-Bank til å løfta frivillig innsats i lokalsamfunnet. Grunna restriksjonar på arrangement vil gåvetildelingar frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad i vår verta i mindre omfang og annonsert via e-post og i lokalavisene.
Desse laga er tildelt aktivitetsmidlar, tilsaman kr. 800.000,-
Matre Idrettslag : 25 000
Kvinnherad handballklubb: 50 000
Herøysund Idrettslag: 25 000
Rosendal Skulekorps: 25 000
Uskedal skulemusikk: 25 000
Husnes skulekorps: 25 000
Fjellhaugen Skisenter AS: 50 000
Omvikdalen idrettslag: 50 000
IL Strand Ulv, Hatlestrand: 50 000
Rosendal Turnlag: 50 000
Uskedal Idrettslag: 50 000
IL Trio, Husnes: 50 000
Halsnøy IL: 50 000
Idrettslaget Ternen: 50 000
Uskedal Ungdomslag: 25 000
Uskedal Utvikling: 50 000
Rosendal Utvikling: 50 000
Husnes Utvikling: 50 000
Halsnøy Utvikling: 50 000
Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal