Gardsbutikken på Josnes innstiller drifta inntil vidare. Logopedtilbodet held fram.
Gardsbutikken Stabburet på Josnes innstiller drifta. Årsaka er at Fylkeskommunen set krav til endra utkøyrsle til Fylkesveg 48. Det har samanheng med at ein driv gardsutsal. Elin Legland skriv på Facebook at omlegging av vegen vil medføra store kostnader, ei investering ein ikkje maktar å ta no. Dermed må ein gå til stenging av Gardsbutikken på Josnes. Fram til 7. juli har ein kunna bruka utkøyrsla på dispensasjon. Salet av kjøt kan også halda fram, men då med levering etter avtale. Elin Legland er takksam for all støtte så langt. Dei som ynskjer kontakt, brukar mobil 40468000.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat