Gågruppe frå Rosendal hadde Uskedalen som turmål i går på 9. april. Dei fekk ei lærerik og interessann bygdevandring med tema Krigshendingane i Herøysundet og Uskedalen 18. – 20. april 1940. Lars Børge Sæberg var turleiar og guide. Han har samla stoff og før skrive artikkel om det som vart kalla Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt med ko i Uskedalen. Sæberg har melitær utdanning og har tenestegjort som befal i Luftforsvaret.

Turgruppa frå Rosendal samla ved Revolverkanona på Sandakaien i Uskedalen.

Fyrste stopp på turen var i Herøysund, der han fortalde om Stegg og det som hende der. Turen gjekk vidare til Sandakaien og krigsminne Revolverkanona. Sæberg fortalde og synte bilete. Han snakka også om bakgrunnen for angrepet mot Uskedalen. Turen var avslutta på Rød der han fortalde og synte plassen der det var trefningar.

Kafe Tiaren var plassen for kaffi og kaker. Uskedalen.no har snakka med nokre av dei som var med. Det var ein god og lærerik tur. Turgruppa har ved fleire høve vore i Uskedalen, seinast for eit år sidan då dei fekk fortald om bygdearkivet og arbeidet som vert gjort på Stemneplassen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Sigmund Spjelkavik