På eit møte i Kvinnherad Sogelag for nokre år sidan presenterte Johan Feet arbeidet sitt med å digitalisera stadnamnsamlinga til Kommunen/Universitetet. Dette vil sei at no vert namna tilgjengelege for alle på PC, nettbrett og mobiltelefon. Gå inn på nettsida Lokalnamn.no og sjå på det som er lagt ut så langt.  For Uskedalen sin del er Johan no ferdig og har digitalisert 1655 namn frå Ljosnes-Fjellandsbø-Steinsletto. Johan Feet oppmodar alle om å gjera seg kjend med nettsida og sjekka både skrivemåte og plassering av namna.

Johan Feet gjer eit stort arbeid med å retta, supplera og stadnamnsamlinga i Kvinnherad. Bilete er frå møte i Uskedal skule februar 2020.

Dersom du har kjennskap til andre namn, som bør vera med, er det enkelt å supplera kartet med desse. Retting av feilplasserte og feil namn vert og gjort. Nokon vil nok reagera på skrivemåten av namna. Nokre har ein normert skrivemåte og andre er skrivne slik namnet skal uttalast. Dette skuldast at namna  er skrivne slik i listene til innsamlarane. Johan Feet har valt å ikkje overprøva innsamlarane sin skrivemåte og så får heller måten, namna er skriven på, vera inkonsekvent.


Det er eit mål om å kopla ei lydfil til namnet. Korleis dette fungerer kan ein sjå ved å trykkja på eit namn der det er ein slik hake framfor “<“. Då kjem det opp ein boks med informasjon. Trykkjer ein på “Uttale”, vert namnet lese opp. Dette ser ein best i Guddal, der dette arbeidet er ferdig. 

Namna i Uskedalen, tilsaman 1655 namn, fordeler seg på gardane slik lista syner under. I tilegg er det samla inn namn på 1930 talet, den såkalla skuleinnsaminga. Desse namna er ikkje kartfesta. Det hadde vore fint dersom nokon kan ta denne jobben i Uskedalen,

  • Ljosnes: 111,
  • Rød: 108
  • Dønhaug: 37
  • Myklebust: 199
  • Kjærland :184
  • Haugland: 262
  • Nedre Musland: 86
  • Øvre Musland: 39
  • Friheim:  30
  • Fjellandsbø: 41
  • Døssland: 67
  • Øvre Fet: 51
  • Nedre Fet: 33
  • Skorpo :132
  • Eik/ Steinsletto: 133
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal