6 åringane møtte på sin fyrste skuledag i dag. Foreldra var med og det verka som tilvengjinga til den nye kvardagen gjekk smertefritt. Alle var med i leiken og det var ikkje noko å sei på aktivitetsnivået. Kontaktlærar for dei 10 elevane i 1. klasse er Bente Gundersen. Rektor, Odd Steinar Arnesen, fortel at skulen er organisert som ein fulldelt skule sjølv om elevtalet er 89. Det er andre året med fagfornyinga i planen Kunnskapsløftet. Grønt nivå vil sei at ein tek omsyn til smittevernreglane med mellom anna handhygiene og meterregelen.

1. klasse på plass i klasserommet, saman med kontaktlærar Bente Gundersen.

Her er namna på 1. klasse. To av elevane var ikkje med då bileta vart teke.

  • Dexter Legland Andrei
  • Liam Legland Andrei
  • Jowita Wiktoria Brzana
  • Amber Kairyte
  • Samson Totland Lygresten
  • Asia Mahmoud Mohammad
  • Christoffer Røssland-Hoem
  • Mathias Sæle-Hauge
  • Olav Miljeteig Ulvenes
  • Åsmund-Olav Øvreås Vetrhus

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Mona Vetrhus