Det var stor stas for dei 8 elevane, seks jenter og to gutar, som hadde sin fyrste skuledag på Uskedal skule i dag. Det totale elevtalet er 83, ein nedgang på 6 elevar frå førre skuleår. Kontaktlærar i 1. klasse er Linda Jensen. Ho er utdanna barnehagelærar og har før jobba i Herøysundsona og i Uskedal barnehage. Linda Jensen er ny på Uskedal skule. Det same er Trine Ljostveit, kontaktlærar i 2. og 3. klasse. Trine vert presentert seinare i eit eige innlegg på uskedalen.no. Les vidare førenamna på dei 8 elevane i 1. klasse:

  • Johanne
  • Ellie
  • Astrid
  • Bjørg Amelia
  • Thor Helge
  • Andreas
  • Ingvild
  • Pia Gurine
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal