Røysterett for Alle er i innspurten før juleprogrammet er klart. Plakat for julekonsertane er laga av Ingvar Pettersen, og me er heldige som har tilgang til slike kunstnarlege krefter. Etter borti halvtanna år kom koret i gang att 26. august.  Det byrja med øving av nokre små innslag til vardetenninga mot vindmøller i Kvinnhersfjella 07.oktober.  Deretter har det vore førebuing av julestoff.

Det var spaning kring eventuelt fråfall som fylgje av Coronafrykt, men det har ikkje vore større endring i samansetjinga enn me er vane med frå semester til semester.  Korleis let me etter så lang øvingsstans?  Me tykkjer det har gått uventa bra med den sida av saka. Når det kjem til stykket, vert det konsertane som gjev det endelege svaret.

Gjestemusikarar vert i år Frode Kaldestad (tangentinstrument) og Egil Vaage (hardingfele).  Frode akkompagnerer på fleire av korstykka, og han og Egil har ei lita avdeling med eiga framføring under konserten.  Underteikna er svak for Frode sitt pianospel, og tykkjer Egil si handtering av hardingfela er balsam for øyrer og sjel.

Haldor Tveit akkompagnerer to av songane til koret.

Dei store julekonsertane vert 02.12. i Ølve kyrkje, og 09.12. i Uskedal kyrkje.  Dette vert den endelege testen av gjenoppstoda.  Røysterett for Alle skal og medverka i julekonserten i Uskedal kyrkje 19.12.

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Plakat laga av Ingvar Pettersen. Redigering: Hans Ordin Østebø
Nett: Kristian Bringedal