Fylkesvegen på Døsslandssido stengt ved Djupehølen i komande veke, frå 2. til 5. september.
Vestland fylkeskommune melder at Fv. 5038 på Døsslandssido ved Djupehølen vert stengt frå måndag 2. til torsdag 5. september. Årsaka er utbetring av skade på vegen. Det vert skilta omkøyring via den kommunale vegen på Kjærlandssido. Oppdatering og vegmeldingar finn du på www.175.no
Tekst: Presse skriv Foto/nett: Kristian Bringedal