Fylkeskommunen lovar ny asfalt frå Ljosmyr til sentrum i Uskedalen i år.
Asfalten, som var lova i fjor, kjem i 2023. Dette kjem fram i ei melding frå byggeleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune, Amira Alic Popovic. Strekinga Herøysundet – Uskedalen er ei av tre i Kvinnherad som er med i dekkprogrammet til Statens Vegvesen. Det er ikkje sagt noko om tid for oppstart. Det vert også lagt inn utbetring av den såkalla Myhresvengen. Skissen syner at asfalteringa vil gå frå Vågahaugen til om lag der busslomma ligg ovom Beinavikjo.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto. Skisse frå Statens Vegvesen