Allsongen samla fullt hus på Kafe Tiaren i dag. Vinteferiegjester saman med fastbuande og dei faste brukarane var på plass. Fire Rustne Menn presenterte nokre nyinnøvde låtar, også som allsong. Av desse finn vi Svein Dag Hauge sin tekst Vi vandrar saman og Ein nordmann sin draum, omsett til norsk framført av Olav Stedje.

Eit utsnitt av dei mange som møtte fram til Allsong på Kafe Tiaren i dag.

Jan Eggum sine låtar En natt forbi og Myrsnipa stod på spelelista. Den siste er ny for mange, men kjem på plass etterkvart. Kvannsanketid, irsk/skotsk tekst, omsett til norsk av Svein Rimestad vart i si tid framført av Røysterett for Alle, mellom anna på tur til Skotland for over 20 år sidan. No vert Kvannsanketid henta fram på nytt, også som allsong.

Då er det berre å sjå fire veker fram til ny Allsong på Kafe Tiaren. I april trør Uskedal Musikklag til med sitt allsongprogram frå songhefte Song og musikkglede.

Til slutt ei nyskaping. Fredag 6. mars vert det Kjellarkveld i Gamleskulen med Fire Rudstne Menn. Merk dykk datoen. Kom og ver med på ein gild kveld i ein kjellar som var sløydsal i alle år bygget var skule i Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland