Fullmåne og solsnu.
I går var det fullmåne. I morgon, tysdag 21. desember, er det solsnu eller vintersolverv som nokon kallar det. Det er den dagen i året då sola står lågast på himmelen midt på dagen. Vintersolverv er nøyaktig kl. 16.49 GMT i morgon, den myrkaste og kortaste dagen i året. Solverv og jevndøger er omvendt på den nordlege og sørlege halvkule. Vintersolverv er sommarsolverv på den sørlege halvkule. Då er det berre å sjå fram til lysare og lengre dagar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Øystein Enæs/ Monica Hansen.