Mandag var den store traileren til THK-stiftelsen i Kvinnherad og lasta opp hjelpesending til Korosten i Ukraina. Det var ein stappfull trailer som forlet kommunen etter at den hadde vore innom tre innsamlingsstader, – i Rosendal, ved lageret i Uskedalen og på Husnes. Uskedalen.no fulgte opplastinga i Uskedalen der 11 personar gjorde ein imponerande lasteinnsats som kunne ta pusten frå dei fleste. På biletet ser vi dugnadsgjengen med dei to yngste, Håvard og Mathias, heil øverst. Dei gjorde til liks med resten ein kjempeinnsats.

Den relativt nye ordninga med eit lager fungerer svært godt. Dermed kan dei som ønskjer det levera inn gjennom heile året ved å kontakta Tormod Myklebust. Det var samla inn svære berg, det meste pakka i sekker, men det var også nokre esker, barnevogner og barnestolar. Utrulege mengder, og alt kjem heilt sikkert til god nytte i Ukraina. Utan lagerordninga hadde det vore umogeleg å ta unna slike mengder på så kort tid. Tormod seier at THK-stiftelsen er svært takksame for at Kvinnherad Vekst AS bidrar med gratis lagerplass. I tillegg til det som var på lager, var det også god tilstrøyming av folk som kom med sine hjelpesendingar den timen traileren stod i Uskedalen før den kjørte vidare til Husnes.

Då den reiste vidare, var det ikkje mykje ledig plass, men vi får tru at det blei trykt litt saman på kjøreturen slik at det blei plass til hjelpesendingane frå ytre luten og.

800-850 sekker var traileren lasta med då den forlet Kvinnherad.

Vidar Akselsen i THK seier at koronaen også har sett sitt preg på dette hjelpearbeidet. 2020 blei eit spesielt år, men no er dei godt i gjenge. Sist torsdag kom dei heim frå tur, og denne veka set dei alt kursen mot Korosten igjen. I 2021 er det gjennomført eller planlagt heile 22 turar. Alle er frå Rogaland/Hordaland. Dermed er det enorme mengder med nyttige og gode ting som blir frakta til Ukraina, og det er til svært god hjelp for folket der. Det er faktisk vanskeleg å fatta den store verdien av det!

Tormod Myklebust som er lokal drivkraft i dette hjelpearbeidet, kunne dagen etter innsamlinga fortelja at det var 800-850 sekker på traileren då den forlet Kvinnherad. Det er det meste som nokon gong er sendt frå kommunen. Han ber oss overbringa ei takk til alle som har bidrege. I den samanhengen nemner han også at næringsdrivande som Felleskjøpet, Eidsvik/Selstad og Sport1 Husnes har gitt svært store gåver. Vi hugsar at sistnemnde gav kle og utstyr til ein verdi av 200.000 i fjor. I år fulgte dei opp med ei ny stor gåve.

Gaute Moberg og resten av lastegjengen fekk godt løft på sekkene.

På denne turen vert det ikkje med kvinnheringar som sjåførar. Tormod og Leif Jarle Bergstø skulle vore med på turen etter planen, men sidan dei ikkje har fått andre dose med koronavaksine let ikkje det seg gjere. Men seinare i året ventar fleire turar. Tormod var på første turen i 2008, og etter det har det blitt om lag 20 turar. Andre kvinnheringar som har vore sjåførar på turar er Leif Jarle Bergstø, Tor Arne Nygård, Reinaldas Bute, Tor Øystein Myklebust og Trond Håvard Skjelnes. Det ligg ein solid dugnadsinnsats bak dette gode tiltaket.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland