Det var bokstavleg talt full rulle på Stemneplassen i går kveld. Tre musikkgrupper, eit musikklag og to band, presenterte eit variert program, alt frå Vossavalsen, Tyrolermusikk til Lisa Ekdahl Vem vet. Med eit publikumstal på over 100, alt medrekna, er arrangøren godt nøgd. Gode inntekter frå vedlotteri og kiosksal kjem vel med i det vidare arbeidet med drift og vedlikehald av Friluftsplassen.

Full Rulle med f.v. Egil Vaage, Haldor Tveit og Tore Nordahl Pedersen.

Fyrst ut var Veteranbandet Uskedal musikklag før den nye gruppa Full Rulle kom på scenen. Her fekk vi høyra kjende og tradisjonell gamaldanslåtar. Ringnesen, Vossavalsen og ikkje minst Trønderbrura gjer at det rykkjer i dansefoten. Rustne Menn avslutta konserten.

Ein friluftskonsert kan ofte vera krevjande. Vind fører til at det er vanskeleg å stilla lyd. Notar og tekstar må festast med kleklype på notestativet.

Ikkje noko å sei på frammøte. Arrangøren er godt nøgd.

Takk til kioskgjengen. Takk også til Tore Nordahl Pedersen for lyd, rigging og lån av anlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlaug Eik/ Kristian Bringedal
Rustne Menn i kjend positur.. F.v: Kristian Bringedal, Svein Rimestad og Tore Nordahl Pedersen