På medlemsmøte i Uskedal Bondelag i går kveld på Stemneplassen kom det fram kritiske merknader til talgrunnlaget i ROS analysen som er grunnlaget for framtidig brannvernstruktur i kommunen. Johannes Haugland og Gaute Moberg orienterte frå det som ligg føre av saksdokument og dokumentasjon i saka. Ein stiller spørsmål til om faktagrunnlaget er rett.

Medlemsmøte i Uskedal Bondelag med godt frammøte.

Uskedalen som tettstad vert definert med krav til repsonstid på 20 minutt. Då er det tenkt slik: Melding på telefon: 2 minutt. Frammøtetid på stasjonen: 5 minutt. Køyretid fram til brannobjektet: 13 minutt. Dersom ein tek utgangspunkt i Rosendal, vil ein i beste fall nå fram til yttergrensa ( Syne ) og ikkje midtpunktet for tettstaden Uskedalen. Det vil enno ta lengre tid å nå den andre yttergrensa oppe i dalen. Dersom utrykninga er frå Husnes, vil ein nå fram til Herøysundet.

Det vart også spurt kvifor ikkje Hagetunet vert definert som helse med krav om ei responstid på 10 minutt. Firma som lagar ROS analysen hadde ikkje kjennskap til den funksjonen Hagetunet har.

Bondelaget er oppteken av beredskap og trygggleik, også for drifta med store buskaper i driftsbygningar. Brann vil vera ein katastrofe for ein bonde.

Johannes Haugland og Gaute Moberg orienterte om ROS analysen.

Bondelaget vil saman med Uskedal Utvikling få ei arbeiddsgruppe på banen som kan gå i møte med Brannsjefen, det politiske miljøet og andre partar for å få på plass eit rett faktagrunnlag. Det må mellom anna gå på:

  • Rett responstid
  • Kostnader
  • Definisjon av 10 minutt responstid sett i høve til helse

Det er fjerde gongen denne saka er oppe. Kvar gong har Uskedalen nådd fram med sine synspunkt. Styreleiar i Uskedal Utvikling, Gunn Mari Moberg, var med på møte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal