Det er frostskade fleire plassar i Uskedalen. Dette gjeld både på Uskedal Vassverk sitt ledningsnett og ved inntak til private hus. Det vart i går kveld meldt frå om det som kunne vera ein eit vassbrot tett i fylkesvegen ved den gamle løna hos Arnesen. I dag morgon var det store vassmengder som kom ned i tunet ved Uskedalen Brygge. Frost i kummar og rister medførte at vatnet fraus i tunet og trekte inn i garasjar og carportar.

Musland Maskin var raskt på plassen og vassbrotet vart lokalisert. Det er den gamle vassledningen mot Gullvikjo som er broten. Ny ledning og omkopling gjer at dei fleste husstandane har vatn. Nokre på nedsida av Fylkesvegen har svakt trykk.

Hans Reidar Kjærland i Uskedal Vassverk fortel til Uskedalen.no at det har vore hardkøyr i dag. Det er meldt inn frosne røyr i område ved Eidsvik, Steinsletto, Eikelandet, Korsneset og i Ospelunden. Det er arbeid på gang med vasskade ved huset i Kleivadalssvingen.

Tore Musland og Johannes Kaldestad i Musland Maskin fortel at den verste tida for frostskade kan vera i vente. Det er nemleg slik at ved verskifte går frosten 1 – 2 meter rett ned i bakken. Difor må alle vera merksame og fylgja med dersom det kjem vatn i tunet og i vegane rundt. Dessutan er det meldt stabilt ver i neste veke, skya, rundt 0 grader og litt over utan nedbør. Med andre ord: Vinteren kan halda fram.

Tore Musland og Johannes Kaldestad i Musland Maskin har jobben med å utbetra vassbrotet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal