Kvinnherad sogelag har hatt konstituerande styremøte. Frode Sæbø frå Uskedalen er ny styreleiar. Sogelaget brukar møterommet på Stemneplassen til skanning og faste møte. Audun Eik tok ikkje attval som leiar på årsmøte som var på Bergslagen på Sunde. Han er varamedlem til styret. Årboka Kvinnhersminne kjem kvart andre år. Neste bok kjem hausten 2025. Skriftstyrar er Lars Jostein Rørvik. Frode Sæbø er kjend for nettsida si Liv og røre i Sæbøvik, ei side med eit høgt brukartal.

  • Frode Sæbø – styreleiar
  • Eva Røyrane – nestleiar
  • Cort Holtermann – kasserar
  • Lars Jostein Rørvik – sekreter og skriftstyrar
  • Egil Vaage – styremedlem
  • Karen Gram Nygaard – styremedlem
  • Oddvar Solheim – styremedlem
  • Varamenn: Astrid Haugse, Sigmund Spjelkavik og Audun Eik
  • Valnemnd: Sverre Vevelstad, Malena Aasen og Audun Eik
Tekst: Redigert og henta frå Kvinnherad Sogelag - facebook
Foto/nett: Kristian Bringedal