Frivilligprisen til Tormod Myklebust for hjelp til fattige og naudstilte i Ukraina.
Kvinnherad kommune sin Frivilligpris gjekk i år til Tormod Myklebust frå Uskedalen. Tormod har sidan 2008 gjennom THK stiftelsen stått for innsamling, lagring og transport av hjelpesendingar til Ukarina. Alt er gjort på fritida som uløna innsats. Tormod var også nominert til Årets namn i 2024. Grunngjevinga den gongen var:
Bussjåføren frå Uskedalen har gjennomm mange år brukt mykje av fritida si på å hjelpa fattige i Ukraina. I år fekk dette arbeidet ein ekstra dimensjon og eit ekstrra alvor etter at Russland invaderte landet. Tormod Myklebust køyrde seinast i november med eit stort lass med naudhjelp til Ukraina, og er no i gang med å samla inn utstyr slik at innbyggjarane kan halda varmen gjennom vinteren.
Prisen vert delt ut 5. desember, på FN sin internasjonale frivilligdag. Juryen si grunngjeving for tildelinga vert lagt ut i eige innlegg.
Uskedalen.no sluttar seg til alle gratulasjonar og gode ord om Tormod Myklebust sitt store arbeid for naudstilte i Ukraina over mange år.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto