Frivik Taubanedrift vart takka av med stort grillparty. Avreise i dag.
Nær på 30 personar, stort og smått, var samla på skogsvegen på Døssland/Feet då Frivik Taubanedrift vart takka av med grillparty tysdag kveld. I dag er det avreise til nytt skogsfelt på Knarvik. Musland Maskin står for transporten. Den andre taubanen er alt flytta til Gausdal på Austlandet. Med dette er landets største taubanedrift avslutta i Uskedalen. Det vil framleis vera uttransport av tømmer, som ligg langs skogsvegen, til Børnes tømmerkai.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Johannes Feet