Frivik Taubanedrift har begge taubanane sine i Uskedalen for tida.
Det er stor aktivitet med uttak av tømmer med taubanar for tida. Frivik Taubanedrift har faktisk begge taubanane sine i drift i Uskedalen. Alle arbeidarane er samla i Uskedalen. Den eine taubanen startar uttak på eigedomen til Somsri Døssland og tek uttak mot den andre taubanen. Nett no er rett nok den eine taubanen mellombels i arbeid for Kjærland Samdrift. Det er Johannes Feet som fortel dette til uskedalen.no.
Det er hogge og teke ut om lag 8000 kubikkmeter pr dags dato. Talet kan ikkje stadfestast då det er litt forseinkingar i utkøyringa. Nøyaktige tal føreligg når tømmeret er levert for utskiping på Børneset tømmerkai.
Frivik Taubanedrift har som sagt samla begge banane sine i Uskedalen. Det let seg gjera med bakgrunn i at avtalane med alle grunneigarane er på plass.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto