Onsdag i neste veke reknar Frivik Taubanedrift med å vera klar for avreise frå Uskedalen. Den eine taubanen er alt demontert og flytta til Gausdal på Austlandet. Musland Maskin stod for flyttinga og transporten til Gausdal. Det andre arbeidslaget er enno i arbeid med det som står att, i utmarka til Målfrid Tveito. Det har vore samanhangande og god drift med tømmeruttak på Feet og Døssland. Arbeidet er faktisk ferdig 6 – 7 veker før den planlagde tida på eitt år. Det er Johannes Feet som fortel dette til uskedalen.no.

Onsdag i neste veke er det slutt på tømmeruttaket i lia under Englafjell.

Frå mars månad har det vore to arbeidslag i sving i den bratte lia under Englafjell. Tilreisande arbeidarar har budd i to hus i nærområde. Taubandedrift i Uskedalen har vore eit vellukka prosjekt. Erfaringane er gode og andre skogeigarar vurderer same løysinga. Det er ikkje kjend om det let seg gjera med ny hogst andre plassar i Uskedalen nett no.

Kommunen jobbar med ny skogplan, gjeldande frå 2025. Alle nye prosjekt med rett til statstilskot må vera med i denne planen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal