15. mars er fristen for å få inn søknad om straumstøtte. Det gjeld for lag, organisasjonar og andre verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar og som kan dokumentera utgifter til straum eller fjernvarme. Uskedalen.no har før skrive om Uskedal Ungdomslag og Uskedal Utvikling og deira straumkostnader med drifta av Helgheim og Gamleskulen. No er søknadsportalen opna. Finn søknadsskjema på Lotteritilsynet og søk. Tilskotet vert utbetalt av kommunen.

Dersom ein kan syna til straumutgifter i desember der snittprisen er over 70 øre, er det opna opp for å søkja tilskot.

Straumstøtteordninga for lag og organisasjonar er som for private hus. Dei som kan dokumentera kostnadene i desember med ein snittpris på over 70 øre pr. kWt, har rett på tilskot. Med denne ordninga kan mellom anna desse laga i Uskedalen søkja om tilskot:

  • Uskedal Indremisjon – Bedehuset
  • Uskedal Friluftslag – Stemneplassen
  • Uskedal utvikling – Gamleskulen
  • Uskedal Ungdomslag – Helgheim
  • Haugland/Musland Grendalag – Vonheim
  • Uskedal Idrettslag – klubbhuset på Heio

Så langt vi kjenner til, er det kommunen som dekkar straumforbruket i Aktivitetshuset og på Kunstgrasbanen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal