Portalen er opna og det er høve til å søkja støtte innan fristen 7. mars. Sparebank 1-stiftinga har 10 millionar kroner til utdeling i vårhalvåret 2023. Bente Nilsen, dagleg leiar i stiftinga, fortel at i 2022 vart det delt ut i overkant av 21 mllionar kroner til ulike prosjekt i Kvinnherad. Alle frvillijge lag og organisasjonar, registrert i Frivilligregisteret, kan søkja. Til no er det delt ut midlar til mange store og små prosjekt i Uskedalen. Alle som søkjer, må gjera det digitalt på skjema ein finn på kvinnheradstiftinga.no.

Arkivfoto frå utdelinga hausten 2022.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal