Friluftslaget er klar for nytt vedlotteri - trekking i juni månad.
Uskedal Friluftslg legg opp til nytt vedlotteri med kunngjering av heldige vinnarar på friluftskonserten i juni månad. Med innsats på kr. 100,- har du sikra deg eit lodd. For kvar hundrelapp aukar vinnarsjansen. Veden kjem frå rydding og landskapspleie på friområde rundt sjølve Stemneplassen og i Skårhaug, mellom anna i turvegtraseen. Bilete syner tre av dei som ofte er på dugnad inne på arkiv- og møterommet eller ute i lende. F.v: Helge Nævdal, Audun Eik og Ove Magne Myhre. Målet vera vera at vedlotteriet gjev ei inntekt på minst kr. 10.000,-
- premie: 15 sekker ved
- premie: 10 sekker ved
- premie: 5 sekker ved
Betal på VIPPS: 605565 eller konto: 3460.07.53659. Merk: Vedlotteriet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal