
Friluftskonserten på Stemneplassen vert utsett til i august.
Uskedal Friluftslag gjer kjend at friluftskonserten, som var sett opp tysdag 14. juni, vert utsett til i august. Bakgrunnen er at Uskedal musikklag bed om fritak grunna omstende ein ikkje rår med. Musikklaget har vore og er ein viktig aktør i framføringa. Det har på mange måtar vore deira konsert. Styret i Friluftslaget vil ha musikklaget med og utset difor konserten til ein høvande dag i august. Vedlotteriet held fram. Trekking av vedsekkene vert anten gjort i august eller før sommarferien. Det har til no kome inn kr. 10.000,- på vedlotteriet.
kb