Friluftskonsert og figurskjering på Stemneplassen, tysdag 9. august.
Den årlege friluftskonserten går av stabelen tysdag i neste veke. Konserten med trekking av Vedlotteri 2 tek til kl. 18.00. Men frå kl. 17.00 er Kjell Musland i full sving med motorsaga. Ein lerkekubbe vert skapt til ein figur, truleg ei ørn. Det ferdige produktet vert auksjonert som del av programmet. Bildet over viser Musland i sving med motorsaga under Hopsjødagane nyleg. Uskedal Musikklag spelar i to avdelingar. Det vert aktivitetar for born. Hesteskokasting og allsong er faste innslag på Stemneplassen. All inntekt går til drift av Friluftslaget og til pågåande prosjekt. Meir om programmet kjem seinare i veka.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arve Ulrik Fjeldberg og arkivfoto