Friluftsgudsteneste på Skorpo sundag 2. juli.
Den årlege friluftsgudstenesta i Vågen og Skorpo er fyrstkomande sundag, 2. juli, kl. 14.00. Det vert som vanleg skyss frå Sandakaien. Avgang seinast kl. 13.15. I godt ver sit vi ute i det vakre tunet. I dårleg ver må vi finna ein plass innadørs. Liturg er sokneprest Kjetil Kringlebotten. Organist er Rebekka Attramadal. Det vert truleg soloinnslag av Nils Rainer Vågen. Nils Rainer bur på tunet og så sant han er heime, plar han ha innslag i gudstenesta. Alle er velkomne. Møt fram på Sandakaien i god tid. Vi legg inn kr. 100,- pro pers i skysspengar.
Tekst: Uskedal sokneråd Foto/nett: Kristian Bringedal