
Friluftsgudsteneste med dåp på Skorpo sundag 18. juli.
Den årlege og tradisjonelle friluftsgudstenesta på Skorpo er neste helg, sundag 18. juli kl. 14.00 i tunet hos Ole Kristoffer Vågen. Det er meldt inn dåp, noko som har skjedd ein gong før i alle dei åra det har vore gudsteneste på Skorpo. Skyss frå Sandakaien kl. 13.00. Carsten Mrusek er prest og det vert lokale musikkinnslag. Meir informasjon kjem i neste veke.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto