
Frigjeringsdagen 8. mai vert markert på Stemneplassen, frammøte kl. 17.00.
Uskedal Friluftslag i samarbeid med Uskedal Historielag er tilskipar av Frigjerings – og veterandagen 8. mai i Uskedalen. Markeringa tek til kl. 17.00 med samling ute ved Krigsminnesmerke. Uskedal Musikklag vert med. Bilete på topp syner Ola Hermann-Fossli, tubaist i Musikklaget. Etter ei kort innleiing les vi namna på dei frå Uskedalen som vart mobiliserte og reiste for å ta del i kampane mot overmakta Tyskland. Det er 16 namn. I tilegg er det to kvinner som vart dekorert i 1946. Dei hadde ein viktig funksjon på Telegrafen i sambandstenesta. I fjor las vi namna på sjøfolka i Handelsflåten.

Etter samlinga ute ved bautaen vil Lars Børge Sæberg fortelja og syna bilete om Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt og kampane i Uskedalen 18. – 20. april 1940. Bakgrunnen er arbeidet hans med dokumentasjon og formidling over mange år.
Frigjeringsdagen tek til med flaggheising kl. 08.00. Frå kl. 10.00 er Uskedal skule invitert med klassar for å få ei innføring i krigshendingane i Uskedalen. Skulen har meldt tilbake at dei møter med to grupper med 17 elevar i kvar gruppe. Tidsvitne Bjørgulv Eik vert med. Han vil dela minne med elevane slik han minnest det frå heimen sin på Eik.
Markeringa på Stemneplassen er open for alle. Ei særleg invitasjon går til etterkomarane etter dei som var med i ulike tenester i krigsåra, også til dei som har gjort teneste i FN sine fredsstyrkar i åra etter 1945.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal