Det var nytt innslag på NRK Hordaland i dag kl. 08.10 med Per Korsvold der han fortalde om sykkelturen gjennom Europa i medgang og motgang. Eit veddemål med dottera Erle Marie enda opp med at han laut hiva seg på sykkelen frå Uskedal til Lyon. Det berre 200 km att før han når målet. I går fekk han møta familien, i dag er det fridag, i morgon er det sigersetappen.

I går fekk han møta familien. Bilete er frå avreise frå Neset i Uskedalen.

Den gode saka med innsamling til Kreftforreningen går strykande. Målet var kr. 100 000,- . No kan det bli det tredoble. Det er mange gjevarar, kjende og ukjende. Mange tek kontakt. Gå inn på Ride for å Reason – Lynon og du finn linken for å vippsa eller overføra ei pengegåve.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal