
Framsyninga Japan - eit eventyr vart ei gripande og stor kulturhending.
Vel blåst til alle. Tenk, berre ei framsyning med så mykje førebuing og så mange aktørar, scenearbeidarar, lyd og lys. Ja, då skal alt klaffa. 90 minuttar med stram regi og god flyt fengsla dei mange i salen, også borna og dei yngste saman med foreldra sine. Japan – eit eventyr hadde med det meste av det som skaper drama og intensitet, slik som dans, karate, kampscenar, song, musikk, dialog, scenografi, kostyme og ikkje minst med lyd- og lyseffektar.

Opningsscenen med Ferskenguten flytande på elva var imponerande. Den trippande guten inni ein fersken skapte magi og la grunnlaget for ei rørande forteljing vidare i framsyninga.
Heile tre kor med song på japansk glei ut og inn av scenen, roleg og fint med verdige helsingar. Duetten med Maria Malmsten og Ingvild Toskedal gjorde inntrykk, men mest av alt er det scenane med borna og ungdomen som sit mest att i minne. Av dei finn vi teaterelevane med Vilde Helgesen frå Uskedalen som ein av aktørane. Varleg flyt ho rundt i scenebilete.
Inger Naterstad på tekstil har vore med på tilskjering og sying. Dette er mest synleg ved elva i opningssekvensen.

Mykje kunne vore skrive. Men, la oss ta med at dette var ei avskilsframsyning for Clive Anderson som musikalsk leiar i Husnes Musikklag. Dessutan sluttar han av sitt yrkeskative liv og vert pensjonist. Takk til Clive for mange musikalske høgdepunkt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
