Plan for oppvekstkår vert lagt fram for Levkårsutvalet på møte i morgon, onsdag 3. februar. Uskedalen.no har før skrive om skulebruksplanen. No gjeld det framlegg til endringar i barnehagestrukturen. Administrasjonen legg fram to alternativ. Alternativ 1 som i dag med 11 kommunale barnehagar. Alternativ 2 med reduksjon frå 11 til fire barnehagar. Alt. 1 vil føra til sterk auke i transporten av born til og frå barnehagen.

Dersom adminstrasjonen får det slik dei ynskjer, kan barnehagen i Uskedalen bli utbygd til fem avdelingar og med plass til 120 born. Det står mellom Uskedalen og Omvikdalen. Rosendal har privat driven barnehage og ein vil ikkje å gripa inn i den modellen.Dei andre bygdene, som ut frå framlegget er sikra barnehage, er: Husnes, Hatlestrand og Åkra.

Det er i dag overkapasitet på 300 plassar fordelt på alle barneahgane i Kvinnherad. Ei strukturendring vil såleis medføra ei samanslåing av barnehagar med langt fleire born i kvar av dei. Barnetalet går ned i åra som kjem. Dessutan skal talet born også fordelast på dei som vert drivne privat. Uskedalen har ein av dei fem privatdrivne barneahagane, Dønhaug Gardsbarnehage. Dønhaug kan syna til god drift med gode resultat på nasjonale målingar.

Uskedal barnehage scorar høgt på UDIR sine undersøkingar med resultat på over 4,5 ( av maks 5 ) på fleire av fagområda. Barnehagen i Uskedalen har i dag to avdelingar med godkjend plass til 51 born. Personale tel 9, då med varierande stillingsstorleik.

Etter møte i Levekårsutvalet vert planen lagt ut på høyring.

Ein evt. ny barnehagestruktur kan føra til ei utbygging av Uskedal barnehage frå i dag 2 til 5 avdelingar ogdermed plass til 120 born.

 

 

 

 

 

 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal