Dersom det vert nye krinsgrenser for grunnskulen, kan det gå mot samanslåingar av fleire barneskular. Eit av framlegga er at Uskedalen vert slegne saman med Malmanger, Omvikdalen, Mauranger med ny skule i Rosendal. Elevtalet med denne modellen vert 275 elevar. Dersom ein ikkje gjer noko med krinsgrenser og samanslåing, vil Uskedalen halda fram med skule som i dag.

Dei ulike alternativa for skulestruktur er:

Alt 0: Som i dag med 15 skular
Alt 1: Samanslåing av fleire skule med nybygg, 4 kinsar for barnesteget, 3 krinsar for ungdomssteget
Alt 3: Samanslåing, men i mindre omfang der Valen held fram som i dag. Elevane frå Skarveland skule vert overført til Valen.

Det vert uansett ikkje endringar på Nordsida. Her vert det barneskule og ungdomsskule som i dag. Halsnøy held fram med sin barneskule. Ungdomsskulen Øyatun vert slegen saman med Husnes.

Elevtalsutviklinga i Uskedalen er negativ. Talet vert redusert frå 102 elevar i dag til 67 elevar 2024/2025. Eit av måla i den nye strukturen er å ha fulldelte barneskular. Andre faktorar som spelar inn i vurderinga er mellom anna: Kompetansekrav, kvalitet, hjelpetenester, fagkompetanse og ikkje minst reisetid til skulen.

Det er rekna inn kostnader med framtidig vedlikehald og ombygning. Dersom ein skal halda fram med skule i Uskedalen, krev det ein kostnad til ombygg på 6 mill. kr og vedlikehald etterslep på 11,6 mill. kr, tilsaman 17,6 mill. kr.

Planen vert no lagt fram for Levekårsutvalet. Så vert det ei omfattande høyring der ein særleg oppmodar elevane og ungdomen til å engasjera seg i.

Barnahgane er også omfatta av strukturendringane,- ei sak Uskedalen.no kjem tilbake til.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal