Framifrå brøyting og strøing i Uskedalen.
Dei tre entreprenørane som driv med brøyting og strøing i Uskedalen har hatt nok å gjera i dag. Maskinane har vore i drift heile tida. Så langt vi kjenner til, er det berre gode tilbakemeldingar på arbeidet med å halda snøen borte frå vegar, parkeringsplassar og fortau. Ikkje alle kjenner til korleis brøytinga er fordelt på ulike aktørar. Her kjem litt informasjon.
- Entreprenøren Sau & Sånt har brøyting og strøing på fylkeskommunale fortau, på strekninga Årsnes – Herøysundet. Dei har dessutan brøyting og strøing på fylket sin veg på Døsslandsido og vidare opp dalen til Musland.
- Musland Maskin brøyter kommunale vegar, fortau og parkeingsplassar. Dette gjeld t.d. skulen, barnehagen, kyrkja og kommunale bustadfelt som Halsabrotet, Korsnes og Myro. Ospleunden er, så langt vi kjenner til, ikkje inne på kommunal brøyting enno. Musland har såleis kommunal veg på Kjærlandsido, Beinavikjo, Eikevegen og vegen øvst i dalen, søre Musland til Fjellandsbø.
- Haugland Mjølk og Maskin har privat brøyting, til dømes Geilo/Holmen, Skårhaug og privat næring som Hjønnevåg, SPAR og Kvinnherad Vekstbedrift. Haugland har også vegen opp til Stemneplassen og den nye parkeringsplassen.
Det er venta meir snø i natt. Difor vert det meir brøyting i morgon, sundag 5. januar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal