Olaf Agnar Gausvik er no ute etter innspel i form av faktainformasjon, hendingar og konkrete minne tida på framhaldsskulen. Innlegg og stoff, smått og stort kan sendast på mail ( marialg@online.no ). Dersom det er greiare, kan de senda SMS på tlf. 99799729. Gausvik tek kontakt for vidare samtale. Les meir om kva Olaf Agnar skriv om framhaldsskulen i Kvinnherad.

Lærr Peder A,. Kjærland (t.v.) på skuletur til Haugesund med framhaldskuleklassen 1963/1964

I store norske leksikon heiter det: «Framhaldsskolen var et skoleslag som bygget på folkeskolen på samme måte som realskolen. Mens realskolen var teoretisk og kvalifiserte for gymnaset, var framhaldsskolen mer praktisk rettet. Undervisningen skulle forberede elevene på arbeidslivet.
Framhaldsskolene ble første gang innført mot slutten av 1800-tallet og utover på 1900- tallet, og de ble da kalt fortsettelsesskoler.»


I boka «Kvinnherad 1837-1945. Lokalt sjølvstyre med Formannskapslovene?» nemner Tor Bringedal framhaldsskulane:
«Med skulelova av 1869 hadde amtet også opna for økonomisk støtte til andre skular enn folkeskulen . På budsjettet for 1902 hadde skulestyret lagt inn utgifter til både framhaldsskule, kveldsskule, arbeidsskule på Malmanger og arbeids- og sløydskule i Ænes sokn. Framhaldsskulen gjekk over 24 veker, medan dei andre var kortare kurs på 4-6 veker. For
heradet var ikkje dette dei store utgiftene, for amtet dekte 3/4 av kostnadene med fleire av desse skuleslaga. Totalt kosta desse 4 skuleslaga heradet kr 300,- i 1902.»

Annonse i Hordaland Folkeblad 23.10.1906.


I avisannonsar kan vi sjå at det vert søkt etter lærarar til framhaldsskulekurs i Kvinnherad, mellom anna i Uskedalen.
Tor Bringedal skriv og: «I 1920- og 1930-åra var mykje av tanken bak desse praktiske kursa å gje ungdom ei praktisk opplæring slik at dei hadde større sjanse til å finna seg eit arbeid å leva av under den verste arbeidsløysa. Men fleire av desse kursa hadde vore drivne lenge før arbeidsløysa vart eit stort problem. Trass i at det var gode tilskot til desse kursa, var det fleire av dei som ikkje fekk plass på budsjettet i 1924-25 når det skulle
sparast. Ikkje uventa vart «gjentekurset» stroke først.»


I Lov om framhaldsskular. av 8. november 1946, kan vi lesa:
VI HAAKON, Noregs konge, gjer kunnigt: at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget av 16. oktober 1946 som lyder så:» Både ut frå sjølve lovteksten og læreplanverket som følgde med, går det tydeleg fram at det her er snakk om grunnleggjande nytenking ikkje minst i høve til det peagogiske opplegget som skil seg sterkt frå det som lenge var nytta i den gamle folkeskulen.


Det er denne skuleforma mange av den eldre garde i bygda hugsar.
Det fyrste kurset gjekk vinteren 1948/49. Undervisninga gjekk føre seg i småsalen i bedehuset med Peder Kjærland som lærar. Han var hundre prosent trufast mot målsetjingane for dette skuleslaget og vart sjølve personifiseringa av ideologien som låg til grunn for undervisinga.
Eg har alt fått fleire gode innspel frå elevar frå dette fyrste kurset, og har sjølv gode minne frå minne frå vinteren 1956/57 på lemen i gamleskulen. Det likaste skuleåret eg har hatt. Peder var framhaldsskulelærar i Uskedalen like fram til 1969 då den nye 9-årigeungdomsskulen kom i drift.


Tekst: Olaf Agnar Gausvik
Foto: Harald Sætre/ faksimile frå lysing og vitnemål
Nett: Kristian Bringedal