Kvartetten Full Rulle var invitert til Fatland på Halsnøy i dag, som siste aktør i ein konsertserie i sommar på den nye arenaen Gullhaug. Arne Gjerde er mannen bak natur- og aktivitetsområde Fatlandskogen. Broren, Torvald Gjerde, er konsertansvarleg og legg opp til musikalske opplevingar i friluft. Publikum sit i hesteskoform. Lyden er god og dei frammøtte kjem tett på musikarane. Full Rulle med oppstart i 2023 har med medlemer frå bygdene Sunde, Husnes, Herøysundet og Uskedalen.

Konsertane på Gullhaug samlar mykje folk, slik også i kveld.

Fulle Rulle hadde plukka ut 14 nummer i si framføring. Ni av dei høyrer heime i generen slåtte- og gamaldansmusikk. Egil Vaage spela solo bruremarsjar, rudl og springar før han fekk med Haldor Tveit på trekkspel, Roy Johnsen ( rytmegitar ) og Tore Nordahl Pedersen på bass. Det er på mange måtar ei historisk og musikalsk rundreise Full Rulle tek oss med på, godt formidla og teknisk bra framført.

Arne Gjerde eig og driv natur- og kulturområde Fatlandskogen.

Den andre bolken har med tre songar av Johannes Kleppevik før det heile vert avslutta med valsen Trønderbrua og tangoen Avskjedstonar. Publikum ville ha meir. Då vart det No kjem ein vals av Kleppevik.

Full Rulle er ei ny gruppe i det musikalske landskapet i Kvinnherad. Dei har langt på veg funne si form. Det skal bli interessant å fylgja med kvartetten vidare utover hausten og vinteren.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Teknisk hjelp: Hans Ordin Østebø