Liv og røre i Sæbøvik heiter nettsida til Frode Sæbø, gjest og føredragshaldar på ope møte i Uskedal Historielag. Det heile tok til med røvarhistoriar frå oppveksten på Sæbøvik. Seinare har nettsida utvikla seg til den mest lesne lokalhistoriske sida i Kvinnherad, ja, truleg i heile Sunnhordland. Inspirasjonen var gode historiar fortalde i den såkalla Karaklubben kvar måndag der Frode er med når det høver slik. Liv og røre i Sæbøvik er knytt opp til Facebook. Her finn du minnestoff med tekst, lyd, bilete, video- og filmsnuttar.

Interesserte tilhøyrarar på ope møte i Uskedal Historielag.

Målgruppa er alle med interesse for den nære fortida. Frode har verkeleg lukkast i å finna interessant minnestoff som er historisk samlande og som vert lesne av mange i alle aldrar. Gildt er det når ungdomen les og spør om hjelp til oppgåveskriving. Liv og røre i Sæbøvik er mellom anna delt inn i tema som:

  • Nytt
  • Historie
  • Livet i sentrum
  • Båtar – farty
  • Bilar, MC og motorsyklar

Frode Sæbø skriv godt. Målet er lett, ledig og levande. Det treng ikkje vera lange og innfløkte utgreiingar. Identifikasjon er viktig og lesaren skal få lyst til å tileigna seg meir kunnskap.

Dei frammøtte i historielaget fekk stilla spørsmål. Alle fekk gode svar til inspirasjon for det arbeidet som vert gjort lokalt i Uskedalen. Etter møteplanen er det lagt opp til nytt ope temamøte i november.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal