Frå julgrantenning på Trafalgar Square i London til julekonsert i Uskedalen.
Tidlegare prost i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, har vore tilsett ved Sjømannskyrkja i London det siste året, etter at han gjekk av med pensjon. Han kom nyleg heim frå presteteneste i London der han mellom anna var med då Kong Harald og Dronning Sonja gjesta sjømannskyrkja i samband med jubileet. Theodorsen var også med på julegrantenninga på Trafalgar Square, ein årleg tradisjon frå krigsåra og fram til i dag.
I helsinga si til dei 80 frammøtte på julekonsert i Helgheim kom Theodorsen inn på verdien med å samlast om kyrkja, song og musikk. Mor hans var aktiv i Frelesarmeen og han roste Uskedal musikklag for eit flott repetoar, også med tonar frå Frelsesarmeen.
Den tidlegare prosten kom også inn på den spesielle situasjonen med kyrkja i Uskedalen. Han minna om Grundvig sin salme: Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om tårni mun falla. Det er viktig å stå saman om kyrkja, også i vanskelege tider.
Svein Arne Theodorsen gav seg god tid, også etter at konserten var over. Han ville helsa på folket, mellom anna den unge og lovande solisten i Uskedal Musikklag, Ebba Hermann-Fossli.
Meir om julekonserten kjem ei eige innlegg i morgon.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal