
Frå dugnad og hjortejakt i Uskedalen til NM-gull.
For eit par veker sidan var Håkon Eik Litland på besøk hos besteforeldra Liv og Audun Eik i Uskedalen. I tillegg til kjekt samvær med slekta fekk han også vera med på både dugnad og hjortejakt. Bestefar Audun er som kjent like interessert i dugnad som han er i hjortejakt. Håkon fekk vera med bestefaren på begge deler.
Dugnadsinnsatsen var på Stemneplassen der rekkverket på nedsida av scenebygget skulle reparerast. Då passa det godt å ha kraftkaren Håkon med til å svinga slegga då gamle deler skulle slåast laust.

I helga gjekk Håkon Eik Litland heilt til topps i sin klasse i NM i vektløfting. Sjølv om han var yngst i klassen, blei han best då han klarte 125kg rykk og 145kg i støt, og dermed 270kg samanlagt. Både i rykk og støt er resultata personleg rekord. Vi gratulerer med NM-tittel.
Håkon Eik Litland er også eit stort friidrettstalent. Tidlegare i haust vann 20-åringen sølv i slegge i NM. Han blei då berre slått av OL-toar Eivind Henriksen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå livestream: Audun Eik