Frå Agatunet og Rosendal til 1000 årsjubileet på Moster.
To føredrag i Rosendal og eitt på Agatunet i helga som var. Neste på programmet er 1000 års jubileet for Kristenretten på Moster komande helg med mellom anna verdiseminar fredag 31. mai i Moster Amfi. Jørn Øyrehagen Sunde har ein sentral posisjon i riksjubileet med fleire føredrag og samtalar. Å identifisera verdiane historisk frå Kristenretten og fram til i dag, har vore ein viktig del av 1000 årsjubileet. Verdisamtalane er med og legg grunnlaget for framtida og vegen vidare. Fokus er: Feira fortida – forma framtida. Med på seminaret er også presens i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, og vår eigen biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto - Kvinnherad Senioruniversitet