Fotballfest
Onsdag kveld var den årlege fotballfesten i Rosendal samfunnshus. Dette er ein fest der alle fotballspelarar vert gjort stas på etter årets sesong. Uskedalen har mange spelarar med, og fleire av dei kom heim med gullmedalje rundt halsen.
Kvar desember arrangerer fotballgruppa i Rosendal turnlag fest for alle fotballspelarar med familie. Det var fullt i Rosendal samfunnshus der alle fekk servert mat og drikke. Og med åresal og basar var stemninga god.
Alle laga fekk komme opp på scena der dei fekk gode ord frå trenarane sine, og dei fekk utdelt medalje for årets sesong. To av laga, med fleire representantar frå Uskedalen, fekk gullmedalje for seier i sin klasse. Dette var Jenter 13 og Jenter 16.

Jenter 13 har hatt ein god sesong og har vunnet dei fleste kampane i sin serie, og vann med 66 mål i målforskjell. Dei gjorde det godt på Sør-Cup i sommar og har gjennom hausten tatt nye steg og utvikla seg som spelarar og lag. Representanter frå Uskedalen er på dette laget Andrea Huse Bjørnebøle, Erle Marie Korsvold og Ingrid Aurora Kårstad.

Jenter 16 har også hatt ein god sesong. Med tre økter i veka og trenar Bente Haveland i leiinga frå januar 2025, har dette laget løfta seg og gjort det godt både i Norway Cup, Regycup og i Sandviken. Bente fortel at dei har eit godt trenarteam som er opptatt av å skapa gode relasjonar og ein trygg arena. Jentene får god oppfølging, men dei vert også stilt krav til for å utvikla seg. Det har dei klart, og i serien klarte dei å slå Kvernbit 3-2 i siste kamp og vant dermed serien på målforskjell framføre Fana/Sædalen.
Spelarar frå Uskedalen på Jenter 16 er Martine Myklebust, Sina Annabelle Øye-Hansen, Aurora Sofie Guddal Tarberg, Emmie Musland og Ingvild Tvilde.
Foto/tekst/nett: Marianne Korsvold