
Forsvaret med helikopter er på treningstokt over Uskedalen.
Redaksjonen har motteke spørsmål om kva helikopter som er i lufta over Uskedalen i dag, fredag 16. august. Frå pålitelege kjelder med fagkunnskap vert det sagt at det er Forsvaret som er ute på treningstokt. Område er over fjella i Uskedalen og Herøysundet, – mellom annna Steinaheiane, Solfjell, Hauglandsfjellet, Manen og inn Uskedalen. Helikopteret av ein litt større type er grått på farge.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Presse